Privat

Kvam Kraftverk har eit omfattande fibernett i bygdene Norheimsund, Øystese, Tørvikbygd og Strandebarm, samt grendene Steinsdalen og Vikøy. Me er opptekne av at alle kundane skal ha tilgang på dei beste innhaldstenestene. I privatmarknaden samarbeider me difor med breibandsverksemdene NextGenTel og altibox levert av BergenFiber.

Sidan 2009 har over 1000 husstandar bestilt tenester over fibernettet vårt i Kvam. Desse husstandane har tilgang til Digital-TV, telefoni og superraskt internett. Med fiberoptikk vert datasignala overført med lysets hastighet.

Ei breibandstilknyting til fibernettet gir deg den beste og mest framtidsretta kommunikasjonen ut mot omverda, og er med på å auka verdien på eigedomen.

Vil du bestilla fiber eller vita meir om NextGenTel sine produkt, gå inn på https://www.nextgentel.no/privat/bredband/fiber/fiberutbygging/kvam eller kontakt dei på telefon 98 70 79 79.

Vil du bestilla fiber eller vita meir om altibox sine produkt, gå inn på https://www.bergenfiber.no/  eller kontakt dei på telefon 55 12 72 00.

Lurer du på noko kring bygginga av fibernettet og/eller framføring av fibersamband til huset ditt, kan du kontakta Kvam Kraftverk AS på telefon: 56 55 33 10, eller fiber@kvam-kraftverk.no

Kan eg få fiber?

Sjå vår oversikt over etablerte fibernettområde her.

Kundeservice

Sentralbord: 56 55 33 10